Om Miti Interiørarkitektur
Miti Interiørarkitektur arbeidar innanfor faget interiørarkitektur med små og store prosjekt både i privat og offentleg sektor, i tett samarbeid med butikken Miti på Leirvik, Stord. Me kan tilby heilskaplege og gjennomtenkte løysingar som kan bli brukt i dag og i framtida. Ein av hovudoppgåvene er å setje seg inn i og forstå oppdragsgjevaren sine behov og ynskjer. God kunnskap og brei erfaring gjev grunnlag for å vurdere fargebruk og material som vert rett for det spesifikke prosjektet og brukaren.
Me jobbar alltid mot gjennomført detaljering og kvalitet i alle prosjekt, og vektlegg godt samarbeid og god kommunikasjon med våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar. Me sett pris på å bli utfordra og jobbar for ein variasjon av prosjekt slik at me kan lære frå kvart prosjekt.
Prosessen består av analysar, skisser, konseptualisere, detaljere og justere.
Martine Tislevoll Odland - Møbel- og romdesigner/interiørarkitekt MNIL
Martine Tislevoll Odland har mastergrad innan møbel- og romdesigner/interiørarkitekt frå Universitetet i Bergen. Som interiørarkitekt er ho opptatt av korleis ein brukar omgjevnaden rundt seg, og å finne nye vinklingar og moglegheiter.
Lena Haga Almås
Lena Haga Almås har alltid hatt ein lidenskap for fargar, form og estetikk. Lena starta interiørbutikken Miti i 2018. Ho stortrivs med å skape personelege, funksjonelle og skreddarsydde løysingar.