Mitistore
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Hand Travertine 45x150

2.300,-
** Bestillingsvare. Ta kontakt med oss!

Sirlig håndteikna linjer mjuknar opp det strenge, rektangulære rutenettet som utgjer Hand Travertine. Matta er oppkalla etter ein kalkstein, noko fargane i gyllengrått og kvitt underbygger. Eit jordnært og vakkert innslag i eit kvart interiør.

Hand Travertine er ein del av Hand-kolleksjonen, som i tillegg består av Hand Denim og Hand Grape. Mattene er designa av Kristine Five Melvær.

Storleik: 45x150cm, perfekt innanfor terassedøra!

 

Støvsug matta jamnleg.

Ved behov, vask matta i vaskemaskin på 60 grader. Bruk eit vaskemiddel utan bleikemidlar og støvsug matta før vask. Tørk matta i trommel eller heng den til tørk. Matta si levetid vert forlenga ved regelmessig maskinvask og vert anbefalt utført 2-4 gongar pr år.

 

Matta er i slitesterk industrikvalitet og har veldig god absorberings- og oppsamlingsevne. Matta si høgde er ca 7 mm.

Matta si overflate (luv) har ei vekt på 900 g/m2. Luven er av PET og produsert av 50% resirkulert plast. Underlaget er av sklisikker nitrilgummi.

Produksjon av Heymat inneber mange manuelle operasjonar. Mattene kan derfor ha mindre variasjonar i storleik, farge og utsjåande.

Relaterte produkter

Trykk ENTER for å søke