Mitistore
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Om Miti Interiørarkitektur

16.03.2021

Miti Interiørarkitektur arbeidar innanfor faget interiørarkitektur med små og store prosjekt både i privat og offentleg sektor, i tett samarbeid med butikken Miti på Leirvik, Stord. Me kan tilby heilskaplege og gjennomtenkte løysingar som kan bli brukt i dag og i framtida. Ein av hovudoppgåvene er å setje seg inn i og forstå oppdragsgjevaren sine behov og ynskjer. God kunnskap og brei erfaring gjev grunnlag for å vurdere fargebruk og material som vert rett for det spesifikke prosjektet og brukaren.

Me jobbar alltid mot gjennomført detaljering og kvalitet i alle prosjekt, og vektlegg godt samarbeid og god kommunikasjon med våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar. Me sett pris på å bli utfordra og jobbar for ein variasjon av prosjekt slik at me kan lære frå kvart prosjekt.

Prosessen består av analysar, skisser, konseptualisere, detaljere og justere.

 

Martine Tislevoll Odland - Møbel- og romdesigner/interiørarkitekt MNIL

Martine Tislevoll Odland har mastergrad innan møbel- og romdesigner/interiørarkitekt frå Universitetet i Bergen. Som interiørarkitekt er ho opptatt av korleis ein brukar omgjevnaden rundt seg, og å finne nye vinklingar og moglegheiter.

 

Lena Haga Almås

Lena Haga Almås har alltid hatt ein lidenskap for fargar, form og estetikk. Lena starta interiørbutikken Miti i 2018. Ho stortrivs med å skape personelege, funksjonelle og skreddarsydde løysingar.

 

Les mer...

Me tilbyr

16.03.2021

Me kan bistå med alt innanfor interiør. Det me kan tilby:

  • Organisering av rom og funksjonar etter analyse av brukarbehov                                                   
Les mer...

Kontakt oss

16.03.2021

Send din førespurnad på mail post@mitistore.no eller kontakt oss på telefon 95001300.

Vi holder til i butikken Miti i Osen 4 på Lerivik, Stord
Velkommen innom!

Les mer...

Trykk ENTER for å søke